Sommarvise

Eg rørde eit ansikt eit kort sekund,
eg visste du måtte gå,
og orda eg ville ha sagt forsvann,
dei var ikkje til å nå,
men augene mine, dei sa det nok,
eg visste at du forstod,
du kviskra eit ord, det bles bort igjen,
eg trur at me begge lo.

Slik valmuer alltid vil sjå på meg,
med svarte og djupe blikk,
slik framande dansar i gatene
til ukjend og rar musikk,
slik som dei eg elskar kjem hit og går,
på bruer kun dei veit om,
slik var det den dagen du kom forbi,
eg visste det før du kom.

Slik hud møter hud, og eit blikk eit blikk,
slik brisen stryk fugleveng,
slik humlene nøler og flyg sin veg,
frå grøfter og blomeeng,
slik tråd etter tråd blir eit liv til slutt,
slik dropane blir til hav,
slik skal eg nok aldri få vita heilt
kor songen frå då vart av.

(skrive sommaren 2014)