Salig jul

23163276696_61a83ace29_k

Kvelden pakkar seg kring husa,
stilt og tidleg mørknar det.
Nokon er på flukt der ute,
la dei finne julefred.Me har ly og lys og varme,
nokon manglar hus i kveld.
Rør vår evne til å dela,
dela kjærleik, mat og eld.

Salig jul , kom hit og finn oss,
til me strekkjer hand og arm,
slik at ingen treng å frysa,
gjer vår vilje ny og varm.

I det minste bur det store,
det som verda ventar på.
Kom til alle oss som leitar,
vis oss vegen me skal gå.Gjev oss fred i kropp og tanke,
kjærleik, kom og finn oss att,
verda treng til lys og varme,
snart så er det julenatt.

Salig jul , kom hit og finn oss,
til me strekkjer hand og arm,
slik at ingen treng å frysa,
gjer vår vilje ny og varm

Du som mangla ly og husrom,
barn på flukt og heimlaus mann,
du som kom med håp og kjærleik,
rør vår vilje du som kan.Salig jul, kom hit og finn oss,
til me strekkjer hand og arm,
slik at ingen treng å frysa,
gjer vår vilje ny og varm.

Rør ved våre stengde hjarte,
opna dei til me kan gje
av den kjærleiken du deler,
vis oss veg til julefred.

Heidi Strand Harboe​

Sporisand forlag, prosjekter, planer, smakebiter, boksalg