Septembervise (2018)

I lyset i august, det mjuke, klare,
ved sidan av kvarandre, graset gror,
for framleis sommar, føtene er bare,
og kornet duvar tungt, det luktar jord,
ei svale stupar og flyg lågt mot stranda,
det varslar regn, det seier dei som veit,
og blåklokkene kvilar blått mot handa,
mens sommar, haust og livet blir til eitt.

*

Ei vipe samlar vengene og kviler,
me går her og er saman utan ord,
det pustar sommar, livet ligg og smiler,
sjå himmelen er høg og verda stor,
tre skarvar sender mørke blikk mot dagen,
ein sommarfugl vippar på eit strå,
ei humle landar gult på prestekragen,
her går me du og eg, me lever nå.

*

I lyset i august, det moldtungt store,
ved sidan av kvarandre, heilt i ro,
med merke etter alt det tida gjorde,
me hugsar at me gråt og at me lo,
eg samlar tid og veit ho må forsvinne,
eg held ho fast som sand i handa mi,
og bølgeskvulpet er eit mollstemt minne,
om alt som kjem, og alt som er forbi.

 

Der ute flokkast fuglane
dei skriv med heilag penn
på himmelen sitt noteblad
ein song om haust igjen.
Kom hit til meg og møt meg,
eg er ikkje redd for haust,
for me veit alt om stormar,
og låtten vår sit laust.

 

I hagen takkar sommaren
og opnar opp ei dør,
me høyrer hausten sin musikk,
ein song me kan frå før.
Eg kjem på bare føter,
kan du høyra det er meg?
Du høyrer nok på stega,
det er eg som kjem til deg.

 

Nå speler livet tonane
i sitt mysterium,
og livet reknar timar
mot ukjend endesum.
Men blomar blømer modig,
for framleis finst her tid,
me er her begge framleis,
så hald fast i handa mi.