Havet

12255954104_3e943bc584_bDer himmel møter havet i ei linje ,

av liv, av lys, av alt me ikkje ser,

dit strekkjer blikket seg med våre lengsler,

der stilnar bølgja same kva som skjer.

Der havet ligg og voggar junidagen,

der sanden brenn og måkå blir eit skrik,

der vil eg setja meg til ro i sola,

og vera stille i mi eiga vik.

 

 

For havet har eit hjarte likt mitt eige,

det bankar jamt og modig all si tid,

for havet vaskar sine salte sorger,

og sine gleder heilt til dei slepp fri,

frå alle tårer som har rent i havet,

frå alle songar frå forsvunnen dag,

som dunkar trufast med i havsens rytmar,

ein melodi av livsens hjarteslag.

 

Eg lukkar auga nå, sit ganske stille,

blir eitt med salt, med sol, med tang og vind .

Eg opnar alle mine skjulte sansar,

Eg blir ein tanke bare, og eit sinn.

Og alt eg er, ja alt eg veit og kjenner ,

blir eitt med vinden, han som stryk mitt hår

For alt det livet som eg snart skal møta,

ber eg ei bøn, og reiser meg og går.

(Songen er tonesett og framført av Randi Engelsvoll her.)