Ein dag er tida komen

Ein dag er tida komen,
ho opnar siste grind,
og me skal bli tilbake,
men du, du skal gå inn.
Me takkar fint for fylgjet,
for alt som du fekk gje,
nå må me sleppa taket,
du skal fara bort i fred.

*

Me takkar for du var her,
og helsar stilt farvel,
me ber på mange minne,
når dagen har blitt kveld.
Nå må du reisa frå oss,
men døden er ei bru,
til kjærleiken som ventar deg
der du nå skal bu.

*

Nå vil me bera med oss,
ditt smil og dine ord,
ditt blikk og dine hender,
og alt du var på jord.
Nå skal du til den staden,
me ikkje kan bli med,
så reis frå oss i kjærleik,
ja, far frå oss i fred.

*

I hjarta har me med oss
det gode som var deg,
og alt me levde saman
skal leva trygt i meg.
Må Gud velsigna minna,
om kjærleiken du bar,
om godleiken du viste,
ha takk for den du var.