Bortom tid og rom og tanke.

12714042043_a394238373_mBortom tid og rom og tanke.
Tekst: Heidi Strand Harboe. 

1 Bortom tid og rom og tanke 
finst ein stad der alt er annleis, 
finst ein stad der alt er heilagt,
finst ein stad der Kristus er. 
Nær min trøyte, redde tanke,
nær min draum, min lengt, min styrke,
nær mitt liv og alt eg lever,
det er godt å vera der. 


2 Gjennom ørsmå hol i dagen, 
får eg venda mine tankar,
ta eit lite steg til sides,
søkja Herren, Han som er. 

Gjennom tause, mørke bøner, 
gjennom lått og gjennom jubel, 
leggja fram for Herren Kristus 
alt det livet som eg ber. 

3 Når eg pustar, når eg tenkjer, 
når eg ler, og når eg sørgjer.
Finna ørsmå hol i dagen
som gjer Kristus sterk og nær. 

Der eg lever midt i livet 
midt i verda, midt i dagen,
ber eg med meg Kristi kjærleik; 

det er lys og salt eg er. 

4 Jesus, ver i mine dager,
i alt liv som kjem mot meg. 

Ver i mine glade timar,
mine skjelvande sekund.
La meg leva sterkt og nakent, 

våga sjå og våga høyra,
våga leva midt i livet,
vågå trå på heilag grunn. 
(Melodien av Carl Petter Opsahl kan  du høre på Spotify)

Legg igjen en kommentar

Sporisand forlag, prosjekter, planer, smakebiter, boksalg